Dette nettstedet bruker informasjonskapsler for å fungere korrekt, analysere trafikk, personalisering av annonser og annonsering.
Powered by
Powered by
Juster innstillingene
Om informasjonskapsler på dette nettstedet
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler for å fungere korrekt, analysere trafikk, personalisering av annonser og annonsering.
Informasjonskapsler som brukes på nettstedet, er kategorisert, og nedenfor kan du lese om hver kategori og tillate eller avslå noen eller alle av dem. Når kategorier som tidligere er tillatt, deaktiveres, vil alle informasjonskapsler som er tilordnet denne kategorien, bli fjernet fra nettleseren din. I tillegg kan du se en liste over informasjonskapsler som er tilordnet hver kategori, og detaljert informasjon i vår Personvernerklæring.
Fotobok satt saman av stillbilde frå filmprosjektet «Tur-retur STAVANGER», der Tau-ferja som kjem og går i Stavangers Østre havn er filma frå vindauge i private husvære og tronge smau i havneområdet. Filmopptaka er utført med stativ som statiske komposisjonar. I boka blir to og to bilde frå 65 ulike klipp presentert i sekvens. Boka har ein kunstfagleg introduksjon av Helga Nyman, og eit essay av kunst- og arkitekthistorikar Even Smith Wergeland. I dag slusast trafikken gjennom Ryfast, og ferja som var eit synleg innslag i Stavangers bybilde er blitt historie.
Geir Egil Bergjord (f. 1964 i Time) presenterer sitt fotografiske arbeid i utstillingar, bøker, film og kunst i offentleg rom. Fleire av Bergjords bøker er publisert på hans eige forlag, Gilka. Sidan debuten på Høstutstillingen ‘95 har Bergjord hatt ein omfattande utstillingsaktivitet og arbeida hans er representert i fleire offentlege kunstsamlingar. I 2018 lanserte han kunstprosjektet Gilka QTLY, i form av eit magasin fritt for tekst og med utfallande fotografi på alle sider. Kvar utgåve kretsar rundt eit utvald tema eller emne. Kunstnarens namn er underkommunisert til fordel for ein identifiserbar logo på framsida.