Dette nettstedet bruker informasjonskapsler for å fungere korrekt, analysere trafikk, personalisering av annonser og annonsering.
Powered by
Powered by
Juster innstillingene
Om informasjonskapsler på dette nettstedet
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler for å fungere korrekt, analysere trafikk, personalisering av annonser og annonsering.
Vi bruker egne og tredjeparts informasjonskapsler (cookies) og lignende teknologier for å sikre grunnleggende funksjoner, generere statistikk, og for å tilpasse markedsføring og annonser (inkludert deling av brukerdata med partnere). Samtykket er helt frivillig. Du kan velge å godta alle, avvise valgfrie, eller tilpasse valgene dine per kategori nedenfor. Du kan når som helst endre eller trekke tilbake dine samtykker via lenken «personvern» nederst på nettsiden vår.
Magasinet er basert på bilde av bil- og scootertrekk fotografert på nattestid i Beijing, Arendal, Stavanger og Creteil, ein forstad til Paris. Summen av det ein ser når ein blar gjennom magasinet er slik viktigare enn fotografia som er presentert. Ved å splitte opp fotografi og fordele dei over fleire oppslag, blir lesaren verande innanfor eit landskap eller tema når ho/han blar om; utan oversikt, men med fokus på detaljar som lesaren elles lett kan oversjå.
Geir Egil Bergjord (f. 1964 i Time) presenterer sitt fotografiske arbeid i utstillingar, bøker, film og kunst i offentleg rom. Fleire av Bergjords bøker er publisert på hans eige forlag, Gilka. Sidan debuten på Høstutstillingen ‘95 har Bergjord hatt ein omfattande utstillingsaktivitet og arbeida hans er representert i fleire offentlege kunstsamlingar. I 2018 lanserte han kunstprosjektet Gilka QTLY, i form av eit magasin fritt for tekst og med utfallande fotografi på alle sider. Kvar utgåve kretsar rundt eit utvald tema eller emne. Kunstnarens namn er underkommunisert til fordel for ein identifiserbar logo på framsida.