Dette nettstedet bruker informasjonskapsler for å fungere korrekt, analysere trafikk, personalisering av annonser og annonsering.
Powered by
Powered by
Juster innstillingene
Om informasjonskapsler på dette nettstedet
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler for å fungere korrekt, analysere trafikk, personalisering av annonser og annonsering.
Informasjonskapsler som brukes på nettstedet, er kategorisert, og nedenfor kan du lese om hver kategori og tillate eller avslå noen eller alle av dem. Når kategorier som tidligere er tillatt, deaktiveres, vil alle informasjonskapsler som er tilordnet denne kategorien, bli fjernet fra nettleseren din. I tillegg kan du se en liste over informasjonskapsler som er tilordnet hver kategori, og detaljert informasjon i vår Personvernerklæring.
Magasinet viser ein serie fotografi av ei høgspentmast. Fotografert med teleobjektiv frå ulike vinklar og under ulike lysforhold, framstår masta som ein variasjon av bildekomposisjonar når ein blar frå side til side. Den fotograferte masta står i eit populært turområde på Jæren, og dei straumførande linjene går tvers gjennom området der eit svært omdiskutert datalagringssenteret er planlagt. Dette gir utgåva ein undertekst av diskusjonen om det grøne skiftet, i historisk lys av Noreg som ein fattig nasjon der velferd og rikdom er skapt på grunnlag av naturressursar.
Geir Egil Bergjord (f. 1964 i Time) presenterer sitt fotografiske arbeid i utstillingar, bøker, film og kunst i offentleg rom. Fleire av Bergjords bøker er publisert på hans eige forlag, Gilka. Sidan debuten på Høstutstillingen ‘95 har Bergjord hatt ein omfattande utstillingsaktivitet og arbeida hans er representert i fleire offentlege kunstsamlingar. I 2018 lanserte han kunstprosjektet Gilka QTLY, i form av eit magasin fritt for tekst og med utfallande fotografi på alle sider. Kvar utgåve kretsar rundt eit utvald tema eller emne. Kunstnarens namn er underkommunisert til fordel for ein identifiserbar logo på framsida.