Hopp til innhold

Norsk nettbutikk | Rask levering | Frakt i hele Norge

Geir Egil Bergjord - HARDANGER STAVANGER

Gilka forlag Utgivelsesår: 2021 Sideantall: 160 + stivbind ISBN: 978-82-92829-06-6 Opplag: 500 Fotobok satt saman av stillbilde frå filmprosjektet «Tur-retur STAVANGER», der Tau-ferja som kjem og går i Stavangers Østre havn er filma frå vindauge i private husvære og tronge smau i havneområdet. Filmopptaka er utført med stativ som statiske komposisjonar. I boka blir to og to bilde frå 65 ulike klipp presentert i sekvens. Boka har ein kunstfagleg introduksjon av Helga Nyman, og eit essay av kunst- og arkitekthistorikar Even Smith Wergeland. I dag slusast trafikken gjennom Ryfast, og ferja som var eit synleg innslag i Stavangers bybilde er blitt historie.

250,-

På lager: 2
Rask levering
Fast fraktpris

Informasjon

Gilka forlag
Utgivelsesår: 2021
Sideantall: 160 + stivbind
ISBN: 978-82-92829-06-6
Opplag: 500

Fotobok satt saman av stillbilde frå filmprosjektet «Tur-retur STAVANGER», der Tau-ferja som kjem og går i Stavangers Østre havn er filma frå vindauge i private husvære og tronge smau i havneområdet. Filmopptaka er utført med stativ som statiske komposisjonar. I boka blir to og to bilde frå 65 ulike klipp presentert i sekvens. Boka har ein kunstfagleg introduksjon av Helga Nyman, og eit essay av kunst- og arkitekthistorikar Even Smith Wergeland. I dag slusast trafikken gjennom Ryfast, og ferja som var eit synleg innslag i Stavangers bybilde er blitt historie.

Produsent

Geir Egil Bergjord (f. 1964 i Time) presenterer sitt fotografiske arbeid i utstillingar, bøker, film og kunst i offentleg rom. Fleire av Bergjords bøker er publisert på hans eige forlag, Gilka. Sidan debuten på Høstutstillingen ‘95 har Bergjord hatt ein omfattande utstillingsaktivitet og arbeida hans er representert i fleire offentlege kunstsamlingar. I 2018 lanserte han kunstprosjektet Gilka QTLY, i form av eit magasin fritt for tekst og med utfallande fotografi på alle sider. Kvar utgåve kretsar rundt eit utvald tema eller emne. Kunstnarens namn er underkommunisert til fordel for ein identifiserbar logo på framsida.

Lignende produkter

  • postnord.png
  • vipps-orange.png
  • klarna-dark.png