Kunstbokhandelen B*stard
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Velkommen til Kunstbokhandelen B*stard!

Bjørn Hatterud - Mjøsa rundt med mor

249,-
Antall:
På lager: 4

Bjørn Hatterud - Mjøsa rundt med mor

Utgitt: 2021
Forlag: Det Norske Samlaget
Sideantall: 221
ISBN: 9788234001215
Opplag: 9916

Vinnar av Kritikarprisen 2020 og Bibliotekets litteraturpris 2023! Ei annleis klassereise. Dette er ei forteljing om ei mor og ein son på biltur rundt Mjøsa. Bjørn Hatterud er homofil, funksjonshemma og klassereisande. Som tenåring drøymde han seg vekk frå heimbygda Veldre, nord for Brumunddal. På ein trimma moped tok han sine fyrste turar bort frå bygda, inn i fridommen. Då han var 21 år gammal, flytta han til Oslo, der han har budd sidan. I tankar og samtaler reiser vi mellom fortida og notida, bygda og byen, mellom ulike lag av minne frå livet til ein bygdegut frå arbeidarkår, som har arbeidd seg inn i kunst- og kulturfeltet i hovudstaden Dette er ei forteljing om korleis ein aldri heilt kjem seg bort frå plassen ein voks opp. Boka er ei hyllest til ein oppvekst, ein generasjon, eit geografisk område og ikkje minst til ei mor.

Det Norske Samlaget

Det Norske Samlaget


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk og norske målføre. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning. Samlaget har lang tradisjon med omsetjing og utgiving av sentrale internasjonale titlar, både samtidsbøker og klassikarar.

Relaterte produkter

Trykk ENTER for å søke