Dette nettstedet bruker informasjonskapsler for å fungere korrekt, analysere trafikk, personalisering av annonser og annonsering.
Powered by
Powered by
Juster innstillingene
Om informasjonskapsler på dette nettstedet
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler for å fungere korrekt, analysere trafikk, personalisering av annonser og annonsering.
Informasjonskapsler som brukes på nettstedet, er kategorisert, og nedenfor kan du lese om hver kategori og tillate eller avslå noen eller alle av dem. Når kategorier som tidligere er tillatt, deaktiveres, vil alle informasjonskapsler som er tilordnet denne kategorien, bli fjernet fra nettleseren din. I tillegg kan du se en liste over informasjonskapsler som er tilordnet hver kategori, og detaljert informasjon i vår Personvernerklæring.
Geir Egil Bergjord + Arild Rein - Vegen heim til Svartskog
Utgitt: 2025
Forlag: Det Norske Samlaget
Sideantall: 398
ISBN: 9788234013799
Opplag: 1400
Dei folketomme og urovekkande nattfotografia i denne boka viser ein by i transformasjon, der betraktaren beveger seg gjennom gater, torg og kaiar. I dette underlege og destruerte byrommet møter me ein namnlaus 14-årig forteljar, som etter ein kollisjon med bilen full av tjuvegods kjem bort frå storebroren Billy på 19. Storebroren kjem ikkje tilbake til det vesle huset dei har leigd nær Stavanger sentrum, og i desperasjon går veslebroren ut i den ukjende byen og leitar etter han. Gjennom ein indre monolog under den klaustrofobiske nattevandringa får me innsikt i historia hans frå barndommen og fram til tjuveriturneen i oljebyen. Eit sår opnar seg, og i situasjonen tyr hovudpersonen til rusmiddel. Rusen påverkar sanseopplevinga, der han i jakta på storebroren ravar rundt i eit slags delirium og glimtvis observerer eit dekonstruert byrom.Vegen heim til Svartskog er blitt til i samarbeid mellom bildekunstnar Geir Egil Bergjord og forfattar Arild Rein. I boka dannar bildematerialet og teksten – kvar for seg sjølvstendige element – eit nytt og tredje narrativ
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk og norske målføre. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning. Samlaget har lang tradisjon med omsetjing og utgiving av sentrale internasjonale titlar, både samtidsbøker og klassikarar.