140,-
Norsk nettbutikk | Rask levering | Frakt i hele Norge
Karen Helga Maurstig - Månen streifar fjellet
Selvpublisert
Utgitt: 2021
Opplag: 10
Boka er inspirert av månen som streifar fjellet ein vinterkveld på Jølster. I ei treplate skar eg ut eit kart over fjellet bak huset mitt. I japansk tresnitt-teknikk og med sumiblekk tok eg eit avtrykk av treplata. Trykket/kartet er bretta saman og festa i eit omslag. Når ein opnar boka kan ein brette ut kartet. Med blysats har eg trykt teksten – Månen streifar fjellet – på innsida av bokomslaget. Micca – eit sølvaktig pulver – har eg brukt til å få eit gjenskin av månelyset.
Omdreiingsmaterialet i mitt kunstnarskap er papir. Papir har ein taktil kvalitet som vi trenger i vår digitale kvardag. Eg bruker papir til trykk - tresnitt og boktrykk, og eg bruker papir i installasjonar, skulpturelle former og i bøker. Naturen er ofte inspirasjonskjelde. Eg ynskjer å formidle stillheita som eg opplever i møte med naturen og naturfenomen, og som opnar opp for nye refleksjonar.
Ord er viktige i kommunikasjon – for det mellommenneskelege. Eg har trykt ord for hand i handlaga bøker. Trykte ord kan vere estetisk vakre i seg sjølve, men også framkalle eit bilde.
Handlekurven din er tom!
Meld deg på nyhetsbrevet vårt og vær oppdatert med alle nyhetene våre først
Søk er ikke tilgjengelig akkurat nå. Prøv igjen om et øyeblikk.
Prøv å endre søketermene eller utforsk kategoriene våre.