2.000,-
Karen Helga Maurstig - Å eige det vakre
Selvpublisert
Utgitt: 2019
Opplag: 100
Å eige det vakre - jakkemerke/button som er del av eit bokprosjekt der eg vart inspirert av ei handbok om stell av pappagøyar. I denne boka funne på brukthandelen fann eg måla til eit fuglebur. Eg har brukt sidene i denne boka til å bygge dette buret som papirskulptur. På jakkemerkene er det eit bilde av ein fugl i bur og ei skisse av den same fuglen. Frå starten på kolonitida på 1500-talet, fekk adelen og borgarskapet tilgang på det vakre. Fargerike fuglar vart henta til Europa og vist fram.
Omdreiingsmaterialet i mitt kunstnarskap er papir. Papir har ein taktil kvalitet som vi trenger i vår digitale kvardag. Eg bruker papir til trykk - tresnitt og boktrykk, og eg bruker papir i installasjonar, skulpturelle former og i bøker. Naturen er ofte inspirasjonskjelde. Eg ynskjer å formidle stillheita som eg opplever i møte med naturen og naturfenomen, og som opnar opp for nye refleksjonar.
Ord er viktige i kommunikasjon – for det mellommenneskelege. Eg har trykt ord for hand i handlaga bøker. Trykte ord kan vere estetisk vakre i seg sjølve, men også framkalle eit bilde.
Handlekurven din er tom!
Meld deg på nyhetsbrevet vårt og vær oppdatert med alle nyhetene våre først
Søk er ikke tilgjengelig akkurat nå. Prøv igjen om et øyeblikk.
Prøv å endre søketermene eller utforsk kategoriene våre.