249,-
Informasjon
Bjørn Hatterud - Blokka på Bjerke
Utgitt: 2024
Forlag: Det Norske Samlaget
Sideantall: 202
ISBN: 9788234012754
Opplag: 1372
Tretten år i tredje etasje
I tretten år har Bjørn Hatterud budd i ei blokk i Groruddalen i Oslo. I 1961 flytta 48 heldige familiar inn i dei tolv etasjane. Då Bjørn flytta inn, var mange av bebuarane gamle. Bjørn vart nær venn med fleire av naboane, som krigsseglaren Bjarne, som budde vegg i vegg med Bjørn, og Ester i første etasje, som ein gong var ei fattigjente på Langøyene.
På tretten år har Bjerke gått frå å vere eit slite nabolag til eit populært buområde. På same tida har Bjørn gått frå uføretrygd og eit botnpunkt i livet, til karriere med verv, prisar og nye moglegheiter. Hatterud skal no flytte frå Bjerke og ser tilbake på åra i blokka og folka han har møtt.
«Blokka på Bjerke» er ei gripande forteljing om Hatterud, livet i dei tolv etasjane, sorger og gleder, nære vennskap og endringane som har skjedd med både området, blokka og Hatterud sjølv
Produsent
Det Norske Samlaget
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk og norske målføre. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning. Samlaget har lang tradisjon med omsetjing og utgiving av sentrale internasjonale titlar, både samtidsbøker og klassikarar.