Kunstbokhandelen B*stard
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Velkommen til Kunstbokhandelen B*stard!

Brynhild Winther - Rever-ser-bare har(d)e tider

170,-
Antall:
*** Ikke på lager

Forlag: Brynhild Grødeland Winther
Utgivelsesår: 2020
Sideantall: 44
Opplag: ca.3-500

Rever-ser-bare har(d)e tider Eg jobbar for tida med dialogar med ein fantasi-hare, som har fått namnet Haren. Desse samtalane har så langt resultert i fem utstillingar (Bærum Kunsthall 2020, Visningsrommet USF 2020, Møre og Romsdal Kunstsenter 2020, Galleri Christinegaard 2021, Haugesund Kunstforening 2021). Etter det tenkjer eg at me må gå kvar vår veg, Haren og eg. Veit ikkje kven av oss som kjem til å stikke til skogs. Men har ein mistanke om at det kjem til å bli meg. Dialogane mellom Haren og meg, handlar blant anna om skillnadar mellom menneske og dyr, og korleis dyr ofte blir redusert til metaforar og symbol. Sidan harar òg kan bli ramma av virus, blei det naturleg at Haren fekk vere med på dette fanzine-prosjektet. Då eg fortalde Haren om korona-viruset, lo han, og spurde meg om eg ikkje visste at det ville kome. Så klødde han seg på snuten, og hoppa vekk, slik han ofte gjer. Haren er ganske krevjande til tider, og har ein tendens til å meine heilt feil ting. I denne fanzinen oppstod det litt utfordringar i relasjon til det at eg ser verda frå eit menneskeleg perspektiv, og Haren har kanskje litt for mykje pels i blikket, til å sjå anna enn hare-livet. Han har elles ein tendens til å kaste ut påstandar, og halvformulerte setningar, på same måte som visse folk kastar snøball; latar som om han ikkje såg det, ikkje veit kven som gjorde det, og ikkje veit kvar det kom ifrå. Somme seier at ingen veit kvar haren hoppar. Eg trur ikkje han veit det sjølv ei gong...så lurer Haren på om virus veit kvar dei skal, og om dei utviklar strategiar for korleis dei skal klare seg lenge, utan å ta knekken på den dei bur på. Eg svarar at vegen heng fast under fotsålane til den som går, og at den som aldri går seg vill, vil heller aldri oppdage nye ting. Så spurte han om virus er drevet av ei utforskartrong...

Brynhild Grødeland Winther

Brynhild Grødeland Winther


Brynhild Grødeland Winther jobber hovedsaklig med installasjoner bestående av tegning, skulptur, foto og tekst. For tiden er hun opptatt av ord/symbol i relasjon til dyr/individ, og hvordan måtene menensker ser på andre dyr, kanskje sier mer om menneskearten, enn om dyret som blir studert. I Winther´s kunstneriske virke har det oppstått en bakenforliggende agenda; å trashe mennesket ned fra sin egendefinerte plass på toppen av evolusjonspyramiden. For kanskje er den opphøyde måten å se seg selv i relasjon til sameksisterende arter, noe av det som gjør mennesket til en destruktiv kraft i økosystemet? Brynhild Grødeland Winther ba og master fra KHiB, og har stillt ut ved blant annet Høstutstillingen, Stavanger Kunstmuseum, GoMA, Tegnerforbundet, Bærum Kunsthall, Oppland Kunstsenter, Møre og Romsdal Kunstsenter, Visningsrommet USF Verftet, Galleri Christinegaard, Bryne Kunstforening, TagTeam, Vestlandsutstillingen med flere. Hun er innkjøpt av KORO, OsloMet og private samlere i inn-og utland.

Relaterte produkter

Trykk ENTER for å søke