Kunstbokhandelen B*stard
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Velkommen til Kunstbokhandelen B*stard!

Karen Helga Maurstig - Rekved / Driftwood bok nr. 16

1.750,-
Antall:
På lager: 1

Karen Helga Maurstig

Håndlaget bok i ett eksemplar.

År: 2019

Sideantall: 16

 

Rekved – Driftwood, kunstnarbok, format A6.

Eg har teke utgangspunkt i trebitar eg fann på naustet mitt i Solund/Sogn og Fjordane. Onkelen min, Ingvald, budde på ei øy og reiste aldri verda rundt. Rekveden han samla for å bruke dei i omnen om vinteren har gitt inspirasjonen til bøker. Eg har teke avtrykk av trebitane for å arkivere og visualisere ein flik av arbeidet og livet til onkelen min. Spora viser til ei anna tid og stiller samstundes spørsmål ved den digitaliserte verda vi lever i. Eg har brukt ein gamal japansk frottasjeteknikk med sumiblekk – takuhon.
 

Karen Helga Maurstig

Karen Helga Maurstig


Omdreiingsmaterialet i mitt kunstnarskap er papir. Papir har ein taktil kvalitet som vi trenger i vår digitale kvardag. Eg bruker papir til trykk - tresnitt og boktrykk, og eg bruker papir i installasjonar, skulpturelle former og i bøker. Naturen er ofte inspirasjonskjelde. Eg ynskjer å formidle stillheita som eg opplever i møte med naturen og naturfenomen, og som opnar opp for nye refleksjonar.

Ord er viktige i kommunikasjon – for det mellommenneskelege. Eg har trykt ord for hand i handlaga bøker. Trykte ord kan vere estetisk vakre i seg sjølve, men også framkalle eit bilde.
 

Trykk ENTER for å søke