Kunstbokhandelen B*stard
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Velkommen til Kunstbokhandelen B*stard!

Jon Fosse & Oddvar Torsheim - Ulyzes — frå skissebøkene

499,-
Antall:
På lager: 3

Forlag: Skald
Utgivelsesår: 2019
Sideantall: 384 sider 
ISBN 9788279592266
Språk: Nynorsk
Dimensjoner: 18,3 x 26,0
Design: Silje Nes
Illustrasjon: Oddvar Torsheim

Av Jon Fosse og Oddvar Torsheim

Sidan 1970-åra har kunstnaren Oddvar Torsheim alltid hatt ei skisseblokk med seg, anten han er heime, ute på dei daglege spaserturane sine, i butikken eller på reise. I desse noterer han flittig innfall, små tekstar og skisser som seinare kan bli kunstverk. Skisseblokkene, til saman over 400, har han tatt vare på.

No har Torsheim gått gjennom dette rikhaldige materialet saman med bokdesignar Silje Nes. Fleire tusen sider har blitt komprimert til ei samling skisser, der du vil dra kjensel på nokre som kjende verk, medan andre syner meir ukjende sider ved den mangfaldige og folkekjære multikunstnaren Oddvar Torsheim. 

Ulyzes presenterer kunstnaren sitt ville samansurium av tankar og idear i teikningar og strek, men også gjennom ei lengre samtale med Torsheim sin gode ven Jon Fosse. Dei to kunstnarsjelene møtes ei langhelg i Austerrike for å veksle ord om livet, døden, kyrkja og kemnaren, og lesaren kjem tett på dei to i denne personlege praten.

Skald

Skald


Skald gir ut bøker innan sakprosa og skjønnlitteratur. Forlaget er også spesialisert på produksjon av oppdragsbøker, firmagåver, jubileumsbøker og skreddarsyr bøkene etter individuelle behov.

Målet vårt er å gi ut bøker med kvalitet i alle ledd – frå det skrivne ordet til materiale og innbinding. Bøkene våre skal vare.

Vi har sterkt fokus på design, taktilitet og materialitet, og samarbeider med Noregs fremste bokdesignarar. Mange av bøkene har blitt premierte under konkurransen Årets Vakreste Bøker som kvart år vert utdelt i regi av Grafill.

Skald AS vart skipa i 1991 av Jon Skjerdal og Lars Nes. Forlaget har hovudkontor i Gamlehotellet i Leikanger i Sogndal kommune.

Relaterte produkter

Trykk ENTER for å søke