Kunstbokhandelen B*stard
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Velkommen til Kunstbokhandelen B*stard!

Thomas Mann - Døden i Venezia

299,-
Antall:
På lager: 2

Thomas Mann - Døden i Venezia 

Utgitt: 2025
Forlag: Skald
Sideantall: 272
ISBN: 9788279593867
 

Thomas Manns verk er rekna blant dei fremste i verdslitteraturen, og novellene hans står ikkje tilbake for romanane. Kvar av dei tre novellene i denne boka er rekna som meisterverk innanfor novellekunsten. Her utforskar han samfunnet, menneskepsyken, kjærleiken og kjønnsidentitet.

Døden i Venezia (1911) er Manns mest lesne novelle, og er eit av dei mest refererte verka i seinare litteratur, film og teater. Ho tematiserer forfallets estetikk, og korleis dragninga mot det vakre kan føre til undergang. Tonio Kröger (1903) er ein sjølvbiografisk kunstnarroman i miniatyr. Mario og trollmannen (1930) skildrar ein hypnosekunstnar som manipulerer menneska med talekunst – eit litterært varskurop frå 1930 med skremmande aktualitet i dag.

Mann kombinerer psykologisk innsikt og filosofiske og eksistensielle spørsmål med ironi og ein elegant og symbolmetta forteljarstil. Han var høgt akta blant forfattarar i samtida, og han har hatt stor påverknad på både forfattarar, filmskaparar, musikarar og andre kulturarbeidarar internasjonalt, som Woody Allen, Philip Roth, Haruki Murakami, Alice Munro eller Christian Kracht. 

I 2025 er det 150 år sidan nobelprisvinnaren frå 1929 blei fødd. Dette vil bli markert både i hans heimland Tyskland og her i Noreg. Basert Geir Pollens nyomsetjing set teatergruppe Ymist opp ei framsyning av Døden i Veneziasom har premiere på Tou Scene i Stavanger 20.mars i år, for så å turnere fleire stader i landet utover året.

Skald

Skald


Skald gir ut bøker innan sakprosa og skjønnlitteratur. Forlaget er også spesialisert på produksjon av oppdragsbøker, firmagåver, jubileumsbøker og skreddarsyr bøkene etter individuelle behov.

Målet vårt er å gi ut bøker med kvalitet i alle ledd – frå det skrivne ordet til materiale og innbinding. Bøkene våre skal vare.

Vi har sterkt fokus på design, taktilitet og materialitet, og samarbeider med Noregs fremste bokdesignarar. Mange av bøkene har blitt premierte under konkurransen Årets Vakreste Bøker som kvart år vert utdelt i regi av Grafill.

Skald AS vart skipa i 1991 av Jon Skjerdal og Lars Nes. Forlaget har hovudkontor i Gamlehotellet i Leikanger i Sogndal kommune.

Relaterte produkter

Trykk ENTER for å søke