Dette nettstedet bruker informasjonskapsler for å fungere korrekt, analysere trafikk, personalisering av annonser og annonsering.
Powered by
Powered by
Juster innstillingene
Om informasjonskapsler på dette nettstedet
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler for å fungere korrekt, analysere trafikk, personalisering av annonser og annonsering.
Informasjonskapsler som brukes på nettstedet, er kategorisert, og nedenfor kan du lese om hver kategori og tillate eller avslå noen eller alle av dem. Når kategorier som tidligere er tillatt, deaktiveres, vil alle informasjonskapsler som er tilordnet denne kategorien, bli fjernet fra nettleseren din. I tillegg kan du se en liste over informasjonskapsler som er tilordnet hver kategori, og detaljert informasjon i vår Personvernerklæring.
Forlag: TransFe:r Forlag
Utgivelsesår: 2007
Sideantall: 100
ISBN 9788292635018
Dante: Den guddommelege komedie som teikneserie – Helvetet, er teikna av Marcello Toninelli (f. 1950 i Italia). Dette er ein teikneserieparodi som fyrste gong vart presentert for lesarar i Italia i 1968. Etter nokre endringar kom han ut i bokform i 2004 som Dante: Divina Commedia a fumetti – Inferno, fyrste bok i ein trilogi som fikk stor merksemd i Italia. Serien inneheld 92 sider med teikneseriestriper i svart/kvitt som fylgjer vegen til Dante gjennom Helvetet, med alt frå ein til seks sider for kvar song i Komedien. Teiknaren Marcello Toninelli har halde seg tett opp til originalen, men har med ein humoristisk vri klart å aktualiserea stoffet og bringa Dante nærare vår samtid. Teikneserien er omsett av Bodil Moss (f. 1972 på Fåvang, busett i Bergen). Ho har òg skrive eit etterord der ho fortel litt om omsetjingsprosessen. Denne utgjevinga handlar om omsetjing på mange plan, frå ei historisk tid til ei anna, frå eit epos på vers til teikningar med snakkebobler, frå Dantes italiensk til Marcello sin versjon av språket, og til slutt inn i Bodil Moss sin moderne nynorsk.