Kunstbokhandelen B*stard
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Velkommen til Kunstbokhandelen B*stard!

R.Nygård, K.Tampere - Dei viltlevande marine ressursane ligg til

280,-
Antall:

Kva kan lover og forvaltning fortelja oss om forholda vi har til naturen og til omgjevnadane våre?

I det tverrfaglege kunstprosjektet «Dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet» vil vi læra meir om vår forvaltning av naturen og våre grunnleggande natursyn ved å sjå på ein lovtekst. Vi ynskjer å sjå teksten og våre forhold til naturen på nye måtar og med kritiske, poetiske og fabulerande blikk. Prosjektet handlar såleis om bevisstgjering, kunnskap, poesi og fellesskap.

I dag, i vår komplekse verd, er vi stadig meir framandgjorde og fjerna frå naturen og frå korleis samfunnet og ressursbruken vår fungerer. Vi trur dermed at både kunnskap, kjensler og poesi kan vera nødvendige for å kjenna og skjøna dei ulike forholda vi har til omgjevnadane våre og dermed også til oss sjølve. Om vi ikkje evnar å sjå korleis liva våre relaterer seg til større samfunnsstrukturar og naturlege krinslaup, er det også vanskeleg å sjå føre seg andre mogelege fellesskap, sosiale strukturar og liv med og i naturen.

Denne boka er del av Ensayo#4 som er eit prosjekt under Ensayos, eit undersøkande og nomadisk residency program som blei starta i 2011 av den chilenske kuratoren Camila Marambio. Ensayo#4 byrja i 2015 og er eit internasjonalt og tverrfagleg prosjekt som undersøker forvaltning, språk, verdiar og identitet knytta til kyst og hav. Det tek utgangspunkt i kystområder av Chile og Norge samt Australia og USA. Målet er å granska, forstå, formidla og handtera dei store ressurs-, miljø- og klimaproblema vi står ovanfor på nye og betre måtar.

Då Ensayo#4 hadde eit seminar på Bruce High Quality Foundation i New York hausten 2015 starta Søssa Jørgensen, Geir Tore Holm og dei to underteikna planlegginga av eit prosjekt i Noreg. Vi kom fram til at vi ville undersøka språkbruken i lover og forvaltning.
Etter å ha lese den norske havressurslova av 2008 tok vi utgangspunkt i §2 i innleiinga. Den seier at «Dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet i Noreg.» Vi ynskte å sjå og høyra denne lovteksten frå ulike perspektiv. Sjølve lova la om forvaltninga av havet til ei økosystem-basert forvaltning, noko vi også gjerne ville vita meir om.

Vi trur at vitskapen og kunsten i lag kan opna for nye felles forståingar av klima- og miljøspørsmål, ved å setta større abstrakte system som for eksempel klimamodellar, informasjon og data frå forsking, politikk eller lovverk i kontakt med geografiske område, enkeltmenneske, dyr, planter, poesi og objekt. Vi håpar at andre bilete og forhold mellom oss og naturen kan oppstå gjennom å tolka informasjonen på poetiske, emosjonelle og undrande måtar.

//

Fra innledning til “Dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet”. Redaktører er Randi Nygård og Karolin Tampere

Med bidrag frå: Christy Gast, Geir Tore Holm, Arne Johan Vetlesen (UiO), Amy Franceschini and Futurefarmers, Jahn Petter Johnsen (Norges fiskerihøgskole/the Norwegian College of Fisheries Science, UiT), Solveig Bøe (NTNU), Jason Hall-Spencer (Plymouth University), Inger Elisabeth Hansen, Alejandra Mancilla (UiO), Lise Doksæter Sivle (Havforskningsinstituttet i Bergen), Paul Wassmann (UiT), Camilla Brattland (UiT), Michelle-Marie Letelier, Georgiana Dobre, Camila Marambio, Camilla Renate Nicolaisen, Maja Nilsen, Munan Øvrelid, Cecilia Vicuña, Erik Solheim (FN), Kjersti Vetterstad, Georgiana Dobre, Camila Marambio, Sarita Gálvez, Barbara Savedra (Wildlife Conservation Society, Chile), Amy Balkin, Svein Kristian Arntzen (UiT), Ánde Somby (UiT), Søssa Jørgensen, Kjersti Gabrielsen (MarBank, Havforskningsinstituttet i Tromsø), Maria Karlsen (Natur og Ungdom), Sjur Gabriel Eikemo Olsen og Bjørn Helge Robertsen.

Randi Nygård og Karolin Tampere

Randi Nygård og Karolin Tampere


I det tverrfaglege kunstprosjektet «Dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet» vil vi læra meir om vår forvaltning av naturen og våre grunnleggande natursyn ved å sjå på ein lovtekst. Vi ynskjer å sjå teksten og våre forhold til naturen på nye måtar og med kritiske, poetiske og fabulerande blikk. Prosjektet handlar såleis om bevisstgjering, kunnskap, poesi og fellesskap.

The Wild Living Marine Resources Belong to Society as a Whole is a part of Ensayo#4, which is an interdisciplinary project that began in 2015 and deals with management, language, values and identity related to the ocean and the coast in certain parts of Norway and Chile. The goal is to understand, express and manage the big environmental issues we are facing in new and better ways.

Trykk ENTER for å søke